Grafitt er eit særs bøyeleg og blautt mineral med svart farge og strek. Mineralet er så bløytt at det fargar papir svart. Grafitt er den alminnelege modifikasjonen av krystallisert karbon. Men karbon er polymorft, og ved høgt trykk vil diamant vere den stabile fasen.
Grafitt vert nytta i smelteverk og metallindustri til eldfaste diglar og støypeformer, sidan han toler ein temperatur på nesten 4000 °C. Dessutan blir grafitt brukt
til belegg i bremsetromlar, som smøremiddel og i blyantar, batteri, anodar og mykje anna.
Verda over vert det produsert naturleg grafitt på kring 600 000 tonn per år. Dei største produsentlanda er Kina, India, Mexico, Brasil og Madagaskar. Høgaste grafittkvalitet får ein frå Sri Lanka.
↑Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C., red. (1990). «Graphite». Handbook of Mineralogi(PDF). I (Elements, Sulfides, Sulfosalts). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN0962209708. CS1 maint: Multiple names: editors list (link)
↑Torgeir Garmo 1989, Norsk steinbok norske mineral og bergartar, 2. utgåva, s 36, ISBN 82-00-18125-1
Raade, Gunnar. «Grafitt» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.