Gréta Salóme Stefánsdóttir har spelt fiolin sidan ho var fire år gamal. Seinare har ho teke musikalsk utdanning; ho fullfører ein mastergrad i musikk våren 2012. I tillegg speler ho andrefiolin i Island Symfoniorkester.[1]
Stefánsdóttir vann Söngvakeppni Sjónvarpsins i 2012 med songen «Mundu eftir mér» saman med Jón Jósep Snæbjörnsson. Songen var også skriven av Gréta Salóme, men vart seinare omsett til engelsk og fekk tittelen «Never Forget». Songen vart framført som den fyrste i fyrste semifinale i Baku og gjekk vidare til finalen, der han enda på ein 20. plass.