Google Groups er eit Google-produkt som gjev tilgang til nyheitsgrupper (Usenet). Arkivet går 20 år tilbake og omfattar meir enn 700 millionar postar. Ein kan også laga private epostlister ved hjelp av Google Groups.
Google Groups blei verksamt i februar 2001, etter at Google kjøpte Deja News, Deja sitt Usenet-arkiv som hadde vore verksamt sidan 1995. Google Groups-arkiveet av Usenet-postar går tilbake til 1981.[1]
Brukarar av Google Groups kunne følgja og posta i diskusjonar, anten via verdsveven eller via epost. Ein kan også laga sine eigne grupper.[2]
15. desember 2023 kunngjorde Google at Google Groups ikkje lenger ville støtta posting eller lesing av nytt Usenet-innhald frå 22. februar 2024, men arkiva ville framleis vera tilgjengelege.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff