«Goodbye Pork Pie Hat» er ein jazzstandard[1] komponert av Charles Mingus, og opphavleg spelt inn av sekstetten hans i 1959. Stykket kom ut på albumet Mingus Ah Um. Mingus skreiv stykket som til minne om saksofonisten Lester Young, som døydde to månader før innspelinga, og var kjend for å gå med ein vid pork pie-hatt.[2] Det er ein av dei mest kjende komposisjonane til Mingus og har blitt spelt inn av mange jazz- og jazzfusionartistar.[3] Joni Mitchell skreiv tekst til songen i 1979 på albumet hennar Mingus, spelt inn i samarbeid med Mingus i månadane før han døydde.[4] Rahsaan Roland Kirk skreiv òg tekst til songen, som han gav ut i 1976 på albumet The Return of the 5000 Lb. Man.
Medverkande
Utgåver
By Charles Mingus
Av andre
Kjelder