Goddo er med sine 16 km² nest største øy i Bømlo herad i Sunnhordland sør i Vestland fylke. Øya ligg rett nordom øya Bømlo, og er knytt til denne ved Goddebrua, lokalt kalla «Storabruno».
Namnesoge
Namnet Goddo kjem av norrønt gaddr, pigg eller brodd, som truleg er etter eit nes på øya.