«God gammel firkantet vals» er ein song av Wenche Myhre og Elisabeth Granneman frå 1964. Songen var skriven av Einar Schanke og Alfred Næss.
«God gammel firkantet vals» deltok i Melodi Grand Prix 1964, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1964 i København i Danmark. Songen vart framført på norsk av Wenche Myhre med eit lite orkester, og så på nytt av Elisabeth Granneman med eit stort orkester. Bidraget enda på andreplass med 60 poeng.[1][2]
Fotnotar