Gloria in Excelsis Deo, på norsk Ære vere Gud i det høgste, er innleiingsorda til det andre faste leddet i den katolskemessa, òg kalla «Den store doxologi» og «Hymnus angelicus», «Engelhymnen». Det siste namnet viser til Lukas 2,14, englesongen på Betlehemsmarka då Jesus vart fødd.[1]
Soge
Innleingsorda Gloria in excelsis Deo er henta frå Juleevangeliet, resten er fri dikting, kjend i kjelder frå 800-talet, men med røter i hymner av Athanasius frå 300-talet. Salmen er eldre, han var inntatt i julemessa av pave Telesforus (125 - 136). Slik er han rekna som ein av dei eldste salmane i den kristne kyrkja, bortsett frå salmene i Salmenes bok. Hymnen vart først bruka som morgonhymne i tidebøna, frå 600-talet kom han inn i julenattsmessa. Etterkvart vart hymnen eit ledd i den ordinære søndagsmessa.
I Norsk salmebok er det opplyst at salmen er frå 100-talet, omarbeidd av Hilarius av Poitiers, som døydde 368.
Bruk
Gloria in excelsis Deo fell bort i fastetida, i adventa og på bots- og sørgedagar. Leddet er heller ikkje med i rekviemesser. Melodien som vert brukt varierer med kyrkjeåret.