1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Gjende er ein innsjø i Jotunheimen. Gjende ligg 984 moh. og har eit areal på omkring 15 km². Sjøen er lang og smal – i luftlinje 18 km lang og 1,5 km brei på det breiaste. Største djup er 149 m. Gjende har ein karakteristisk smaragdgrøn farge på grunn av dei store mengdene morenemasse som vert ført med elva Muru ut i Gjende.
Geografi
Gjende ligg midt i Jotunheimen og både nord og sør for sjøen ligg toppar på godt over 2 000 m. Ved vestenden ligg Gjendebu, på nordsida ligg Memurubu og ved austenden ligg Gjendesheim. Om sommaren går det båtrute mellom desse tre stadene.