«Give A Little Something Back» er ein song av den norske songaren Julie Bergan, gjeven ut 16. januar 2013. Songen er skriven av den britiske songaren Ben Adams, den norske modellen Sara Skjoldnes og Julie Bergan.
Songen deltok i Melodi Grand Prix 2013, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, og vart framført på engelsk av Julie Bergan. Bidraget deltok i den fyrste semifinalen, men gjekk ikkje vidare til finalen. Kva for plassering bidraget fekk er ikkje kjend, men det fekk ikkje representere Noreg. Ein av dansarane på scena var Daniel Sarr, som vann Eurovision Young Dancers 2011 for Noreg.[1]
Kjelder
|
---|
Semifinale 1 | |
---|
Semifinale 2 | |
---|
Semifinale 3 | |
---|
Finalen | |
---|