Girl av Dannii Minogue
Girl er det tredje studioalbum til den australske songaren Dannii Minogue og vart utgjeven av Eternal Records den 8. september 1997. Albumet inneheld fire singlar, «All I Wanna Do», «Everything I Wanted», «Disremembrance» som nådde førsteplassen i Storbritannia, og «Coconut», som berre var blitt utgjeven i Australia.
Bakgrunn
I 1995 hadde Dannii Minogue slutta ved det tidlegare plateselskapet sitt Mushroom Records etter ein avtaletvist. Eit album som var under produksjon blei aldri utgjeve på den tida og ikkje før i 1997, då Minogue hadde signert med Eternal Records. Ho byrja innspeling av det tredje albumet sitt, Girl. Dei to føre albuma hennar, Love and Kisses og Get Into You, var hovudsakleg popalbum, men Minogue hadde sidan blitt interessert i dansemusikk etter utgjevinga av fleire remiksar av dei tidlegare singlane hennar.
Komposisjon
Lyden av Girl var utprega ulik frå det tidlegare arbeid til Minogue. Dette var tydeleg med den første singelen «All I Wanna Do», som inneheld ein meir vektlagt dansemusikk-lyd i motsetnad til pop-stilen. Dei andre spora varierte frå modne popsongar («Heaven Can Wait», «Am I Dreaming?», «Everything I Wanted», «It's Amazing») til ein meir utprega dansemusikk-stil («Disremembrance» og «Movin' Up»). Albumet inneheld òg songar med betydeleg trance-stil («So in Love with Yourself», «If It Moves – Dub It», «Coconut») og ambient-lydar («Everybody Changes Underwater»). Mange songar inneheld òg sterke undertonar av elektronisk musikk.
Sporliste
Tittel | Låtskrivar(ar) |
---|
1. | «All I Wanna Do» | Brian Higgins, Tim Powell, Matt Gray | 4:28 |
---|
2. | «Heaven Can Wait» | Higgins, McLennan, Powell, Gray | 3:40 |
---|
3. | «So in Love with Yourself» | Paul Barry, Mark Taylor, Steve Torch | 5:06 |
---|
4. | «Am I Dreaming?» | Barry, Taylor, Graham Stack, Torch | 4:10 |
---|
5. | «Everybody Changes Underwater» | Dannii Minogue, Ian Masterson, David Green | 6:36 |
---|
6. | «Everything I Wanted» | Minogue, Taylor, Torch | 4:38 |
---|
7. | «If It Moves – Dub It» | Minogue, Higgins, McLennan, Powell, Gray | 6:32 |
---|
8. | «Disremembrance» | Masterson, Green | 4:06 |
---|
9. | «It's Amazing» | Higgins, McLennan, Powell, Gray | 5:05 |
---|
10. | «Movin' Up» / «Coconut» (skjult spor) | Lars Erlandsson, Fredrik Lenander, Bella Morel, David Kreuger, Per Magnusson / Harry Nilsson | 11:08 |
---|
Topplisteplasseringar
Personnell
- Dannii Minogue – vokal, bakgrunnsvokal, låtskrivar
- Terry Ronald – bakgrunnsvokal
- Jackie Rawe – bakgrunnsvokal
- Kylie Minogue – bakgrunnsvokal på «So in Love with Yourself»
- Paul Lewis – bakgrunnsvokal
- Diane Charlemagne – bakgrunnsvokal
- Suzanne Rhatigan – bakgrunnsvokal
- Owen Parker – gitar
- Julian Dunkley – gitar
- Drew Milligan – programmering
- Sally Herbert – strengeinstrument
- Margaret Roseberry – strengeinstrument
- Jules Singleton – fiolin
- Anna Hemery – fiolin
- Anne Wood – fiolin
- Anne Stephenson – fiolin
- Jackie Norrie – fiolin
- Gini Ball – fiolin
|
- Jocelyn Pook – bratsj
- Claire Orsler – bratsj
- Ellen Blair – bratsj
- Dinah Beamish – cello
- Nick Cooper – cello
- Billy McGee – kontrabass
- Gary Williams – bassgitar
- Mark McGuire – lydteknikar
- Paul Barry – låtskrivar
- Steve Torch – låtskrivar
- Stuart McLennan – låtskrivar, assisterande produsent, bakgrunnsvokal
- Tim Powell – låtskrivar, assisterande produsent
- Graham Stack – produsent, låtskrivar
- Brian Higgins – produsent, låtskrivar
- Matt Gray – produsent, låtskrivar
- David Green – produsent, låtskrivar
- Ian Masterson – produsent, låtskrivar
- Mark Taylor – produsent, låtskrivar
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
|