Gina og Gine er kvinnenamn danna som ei kortform av namn som sluttar på -gina, -gine og liknande. Gina har namnedag den 30. april.
Gina er vanleg som italiensk kjælenamn. Gino er det tilsvarande mannsnamnet.
Namnet blei utbreidd på 1950-talet gjennom den italienske skodespelaren Gina Lollobrigida (f. 1927), som var døypt Luigina. Andre opphav til Gina kan vera Eugenia, Georgina, Jørgine, Regina og Virginia.
Det var 1 587 kvinner som heitte Gina og 200 som heitte Gine i Noreg i 2009.
Namneberarar
Annan bruk av namnet
Kjelder