- For dansen med same namn, sjå dansen giga
Giga (symbol G) er eit SI-prefiks i SI-systemet som står for 109 eller 1 000 000 000.
Det vart teke inn i systemet i 1960. Giga kjem frå gresk γίγας, som tyder gigant.
I EDB kan giga referere til 1 073 741 824 (10243 eller 230), i staden for 1 000 000 000. Spesielt når det er i bruk som eit prefiks til byte, det vil seie gigabyte, er denne tydinga vanleg.
Gigabyte blir i talemål ofte forkortet til gigg, som i «dette er ein ti-gigg harddisk». Den første g'en blir som regel uttalt med hard lyd, som i golf, ikkje myk som i giro. Den same uttalen gjeld på engelsk.
Elles er nemninga GWh, uttalt «ge-ve-hå», vanleg bruka om energimengder.
Kjelde: