Gerdt Hinrich Meyer (15. februar 1817–4. juni 1897) var ein norsk forretningsmann frå Bergen.
Meyer tok i 1842 over handelsverksemda som hans samnemnde farfar starta opp på Tyskebryggja. I 1860 skipa Meyer eit mylnebruk og dreiv sidan kornhandel. Handelen med korn voks kraftig, så 1870-72 fekk han bygt Vaksdal Mølle. Han døydde i stor rikdom, verksemdene hans tok sonesonen Rasmus Meyer over og dreiv vidare.
Kjelder
Norsk biografisk leksikon