Georges Chastellain (ca. 1405 eller ca. 1415-20. mars1475) var ein burgundisk krønikeskrivar og poet, fødd i Aalst i Flandern.[1] Historiske verk av Chastellain er verdifulle for den nøyaktige informasjonen dei inneheld. Som poet var han kjend blant samtidige. Han var den store meisteren i skulen av grands rhétoriqueurs, som var kjenneteikna av svært kunstige former og ein overflod av latinismar og grekismar.
Verk
Chronique des choses de mon temps, historieverk om åra 1417–74. Berre fragment er att. Verket blei halde fram av læresveinen til Chastellain, Jean Molinet, etter at meisteren døydde.
"Louange à la tresglorieuse Vierge" (ca. 1455).
Récollections des merveilles advenues en mon temps (Antwerpen, 1505).
Denne artikkelen inneheld tekst frå ei utgjeving som no er offentleg eige: Herbermann, Charles, red. (1913). «Georges Chastellain». Catholic Encyclopedia. New York: Robert Appleton Company.
Graeme Small, George Chastelain and the Shaping of Valois Burgundy: Political and Historical Culture at Court in the Fifteenth Century Royal Historical Society, 1997 (Studies in History); reprinted in paperback by Boydell and Brewer, 2011. ISBN978-1-843-83634-6