Freden i Gent eller Gent-traktaten var ein fredsavtale underskriven den 24. desember1814 i Gent i noverande Belgia. Traktaten gjorde offisielt slutt på 1812-krigen mellan USA og Storbritannia. Krigshandlingane heldt fram til 1815, ettersom meldingar om freden ikkje nådde Nord-Amerika]] før slaget ved New Orleans hadde stått i januar dette året. Hovudsakleg gjekk avtalen ut på å gjenoppretta tilhøva til slik dei hadde vore ved krigsutbrotet (status quo ante bellum).
Traktaten gjenopretta tilstanden mellom dei to landa til slik han hadde vore før krigen. Han gav altså ingen endringar i territorium, men USA heldt på visse tidlegare spanske område, som ikkje var omfatta av avtalen. Krigsfangar skulle sendast tilbake til sine respektive heimland. Krigsårsakane, som åtak på handelsskip og sjøfolk og handelsblokadar, blei ikkje nemnd i avtalen.
Mykje av avtalen, som planane om felles kamp mot slavehandel og visse rettar for amerikanske urfolk, førte aldri til noko meir.
Men fredsavtalen symboliserte ei byrjing på samarbeid mellom dei tidlegare fiendane Storbritannia og USA. Både 1812-krigen og avsluttinga av han gav USA større tru på seg sjølv som maktnasjon. Han gjorde også at den britiske kolonien Canada fekk ein tydelegare identitet som eiga eining.
American Military History: Army Historical Series. Chapter 6: The War of 1812. Center of Military History, U.S. Army, Washington, DC, 1989. Official US Army history, available online.
Bemis, Samuel Flagg. John Quincy Adams and the Foundations of American Foreign Policy (1950).
A. L. Burt. The United States, Great Britain and British North America from the Revolution to the Establishment of Peace after the War of 1812, 1940 (Online Edition.