Marøy, tradisjonelt uttala Marøinæ, er ein gard på øya Marøy i Alver kommune. Garden ligg ytst i gamle Radøy kommune. Matrikkelgarden omfattar øyane Marøy, Forsøyna, Svelingane, Hestøyna og Kvolmo. Namnet kjem frå det norrøne ordet marr som kan tyde 'hest', 'hav' eller 'sverd'. Dersom den siste tydinga har gjeve opphavet til namnet, kan øya ha fått namn etter ein sverd-liknande bautastein som står som eit seglingsmerke på høgste øya.
Garden vart truleg rydda for rundt 2000 år sidan. Garden vart delt i to bruk alt i mellomalderen, og vidare oppdelt i mange omgangar til det var tjue gardsbruk på slutten av 1800-talet.
Marøy er knytt til Radøy med ei kort bru over Marøystraumen.
Kjelder