Gardasjøen (italienskLago di Garda eller Benaco) er den største innsjøen i Italia. Han ligg nord i landet, om lag halvvegs mellom Venezia og Milano. Gardasjøen ligg i eit fjellområde og vart danna av isbrear under den siste istida. Av provinsar rundt innsjøen finn ein Verona (i søraust), Brescia (sørvest) og regionen Trentino i nord. Innsjøen er ein stor turistdestinasjon med mange hotell og feriestader langs breidda.
Geografi
Den nordlege delen av innsjøen er smalare enn resten og omgjeven av fjell, som stort sett høyrer til Gruppo del Baldo. Han har her ei form som er typisk for ein morenedal. Sjølv om ein kan sjå spor etter isbreane meiner ein at isbreen låg i ein dal som alt var danna av elveerosjon for 5 til 6 millionar år sidan.
Den gamle festningsbyen Sirmione ligg i sørenden av innsjøen og er ein særleg populær turistattraksjon. Den vakre borga Scaliger er frå 1200-talet. Den romerske villaen var heimstad til diktaren Catullus. Svovelkjeldene ved enden av halvøya har rykte på seg for å vere lækjande for katarr, særleg når ein har det i øyre.
I nærleiken ligg Gardaland, ein av dei mest kjende parkane i Italia.