Gammaglimt er dei mest kraftige eksplosjonane i universet sidan Big Bang og det mest lyssterke fenomenet ein kjenner til.[1] Gammaglimt skjer på avstandar av milliardar av lysår og består av ein kraftig utladning av gammastråling og ein seinare etterglød i synleg lys. Gammaglimt kan vara i alt ifrå millisekund til fleire minutt.[2]
Sannsynet for at ei av desse strålene treff jorda, er forsvinnande liten, men dersom det skulle skje, ville det ha øydeleggjande verknad for livet på jorda.[3]
Opphav
Det finst ulike teoriar for kva som er opphavet til gammaglimt:
I det første scenarioet går kjernen til ei massiv stjerna tom for kjernar som kan fusjonerast med energigevinst.[4] Dette skjer når kjernen består av jern, og kjernen vil no kollapsa til eit svart hòl om stjerna er massiv nok.[4] Store mengder frigjord energi vil so skapa to jetstråler av partiklar med relativistisk fart som går ut frå polane til stjerna.[5] Dette vil kunna bli observert som eit gammaglimt om ei av jetstrålene peikar mot jorda.[5]
I det andre scenarioet vil samanslåinga av to nøytronstjerner eller ei nøytronstjerna og eit svart hòl føra til at store energimengder blir frigjorde og igjen gje opphav til to jetstråler som kan registrerast som gammaglimt.[5]
Historia
Gammaglimt blei først observert i 1967 av dei amerikanskeVela-satellittane som leitte etter energirik gammastråling som skulle stamma frå sovjetiskeatomprøvesprengningar på baksida av månen.[6] I staden oppdaga satellittane gammastråling frå andre stader i universet; utan at ein visste kor dei kom ifrå.[6] Seinare observasjonar har vist at gammaglimt skjer på svært store avstandar på milliardar av lysår.[6]