Gamla stan tunnelbanestasjon
|
|
Stasjonsområde
|
Linjer og rutedrift
|
Linje(r) |
T-bane 1 (grøn linje) og T-bane 2 (raud linje)
|
Overgang
|
Gamla stan tunnelbanestasjon
|
Gamla stan tunnelbanestasjon er ein stasjon på Stockholms tunnelbane, i bydelen Gamla stan i Innerstaden i Stockholm.
Stasjonen blir trafikkert av både T-bane 1 (grøn linje) og T-bane 2 (raud linje), og ligg mellom stasjonane T-Centralen og Slussen. Stasjonen er utandørs og har to plattformer, den vestre for tog nordover og den austre for tog i sørleg retning. Ein når plattformene frå ein billetthall som ligg under spora og plattformene. Billetthallen kjem ein til frå Mälartorget, Munkbroleden eller frå Munkbrohamnen.
Stasjonen blei teikna av arkitekten Magnus Ahlgren, og blei teken i bruk 24. november 1957 ved innviinga av banen mellom Slussen og Hötorget. Avstanden frå Slussen er 480 meter. Stasjonen har kunstnarisk utsmykking av mellomalderske vevmønster, Vädersolsmotiv og sementmosaikkmønstra golv av Göran Dahl frå 1998, og sperringar med vevmønster mellom spora av Britta Carlström frå 1998.[1]
Bilete
-
Stasjonsbygningen ovanfrå i 2011
-
C20 ved Gamla stan i 2007
-
Perrongen i 2008
-
Kunstnarisk utsmykking med vevmotiv 2007
-
Nedgangen frå Munkbrohamnen i 2015
Kjelder