Gabriel Auguste Daubrée |
|
|
Fødd | Gabriel Auguste Daubrée 25. juni 1814 Metz |
---|
Død | 29. mai 1896 Paris, 7. arrondissement |
---|
Nasjonalitet | Frankrike |
---|
Område | geologi, speleologi, mineralogi, kartografi |
---|
Yrke | geolog, huleforsker, professor, skribent, mineralog, universitetslærar, kartograf |
---|
Institusjonar | Université de Strasbourg |
---|
Alma mater | École polytechnique École nationale supérieure des mines de Paris |
---|
Medlem | Royal Society Det franske vitskapsakademiet Kungliga Vetenskapsakademien Accademia Nazionale dei Lincei Det bayerske vitskapsakademiet Det russiske vitskapsakademiet Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL Société géologique de France Accademia delle Scienze di Torino Académie d'agriculture de France Comité des travaux historiques et scientifiques Comité des travaux historiques et scientifiques Société de géographie Société des sciences naturelles de la Charente-Maritime French Society of Mineralogy and Crystallography Accademia delle Scienze dell'Istituto |
Gabriel Auguste Daubrée (25. juni 1814–29. mai 1896) var ein fransk geolog og mineralog. Dei eksperimentelle undersøkingane hans over danninga av mineral og metamorfosen til bergartar var viktige og grunnleggande. Han studerte òg samansettinga og klassifikasjonen av meteorittar.
Daubrée var fødd i Metz og utdanna ved École Polytechnique i Paris. 20 år gammal var han utdanna gruveingeniør og i 1838 vart han leiar av gruvene i Bas-Rhin (Alsace) og så professor i mineralogi og geologi ved Vitskapsfakultetet i Strasbourg. I 1859 vart han sjefsingenør for gruvene og i 1861 geologiprofessor ved Museum d'Histoire Naturelle i Paris og vald inn i Det franske vitskapsakademiet. Året etter vart han professor i mineralogi ved École des Mines og i 1872 direktør for skulen. I 1880 gav Geological Society i London han Wollaston-medaljen. Han var òg medlem av Det svenske vitskapsakademiet frå 1892.
Kjelder