Fylkesveg 609 (Fv609) går mellom Førde og Dale i Fjaler. Vegen er 75 km lang.
Vegen frå Eikenes og austover mot Otterstein vart bygd på 1970-talet, etter at Stortinget hadde vedteke å bygge bru over Dalsfjorden mellom Otterstein og Nishammar. Vegbygginga stoppa i 1979, og tok ikkje oppatt før 2010 med opning av Dalsfjordsambandet 14. desember 2013. Denne brua erstatta ferjesambandetDale-Eikenes, som var siste delen av fylkesvegen.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.