Fylkesveg 5625 i Vestland fylke går mellom Aurlandsvangen og Skjerdal i Aurland kommune.
Vegen er 6,3 km lang, og tek av frå Fv5627 (Snøvegen/Aurlandsvegen) på Aurlandsvangen og går nede ved fjorden nordover til han fyrst går i ei relativt lang brekke oppover lia før han går i nokre hårnålsvingar opp til garden Skjerdal.
Fram til 2019 hadde vegen nemninga Fylkesveg 242 i Sogn og Fjordane.[1]