Fylkesveg 258 (Fv258) eller nasjonal turistvegGamle Strynefjellsvegen går mellom Grotli i Skjåk og Ospeli bru i Stryn. Vegen stod ferdig i 1894. Vegen var opphavleg hovudfartsåra mellom Nord-Austlandet og Nordfjord, og vart opprettheldt etter at den nye Strynefjellsvegen vart opna i 1977 mellom Grotli og Ospeli bru.
Vegen forlet riksveg 15 ved Grotli og følgjer Mårådalen og Videdalen til Videseter der han etter 27 km møter riksveg 15 igjen ved Ospeli bru. Vegen er stengd om vinteren. Riksveg 258 er ein av dei få riksvegane som har fått halde grusdekket sidan han har verdi i forhold til Nasjonal verneplan for vegar og bruer. Dei andre er mellom anna riksveg 252 (Tyin–Eidsbugarden) og riksveg 886 (Bjørnstad–Jacobselv).
I området lever det villrein som ikkje bør forstyrrast, ein finn derfor lite informasjon eller rasteplasser på vegen.