Frol var tidlegare ein sjølvstendig kommune i Nord-Trøndelag. Området har frå 1. januar 1962 vore del av Levanger kommune.
Frol var også tidlegare del av Levanger, men i 1856 vart området deld i to: Levanger kjøpstad og Levanger landsogn (eller Levanger herred); Frol kommune.
- 28. november 1874 vart to ålmenningar frå Skogn kommune lagt til Frol ved Kongeleg resolusjon.
- 13. november 1951 vart ein del av Frol med 51 innbyggjarar (Lillemarksbakkane) overført til Levanger.
- 1. januar 1962 vart Frol kommune slått saman med Levanger, Skogn og Åsen til den nye Levanger kommune.
Kjelder