Frode Magnus Viken (30. mars 1955–31. mars 2018) var ein musikar og låtskrivar frå Namsos.
Viken var gitarist i musikkgruppa D.D.E. og skreiv dei fleste melodiane til gruppa og dessutan fleire av tekstane. Han vikarierte i 1975 ein periode som bassist i Prudence. Seinare stifta han musikkgruppa Rollaug saman med Prudence-vokalist Per Erik Wallum. I 1985 vart han med som bassist i After Dark, forløparen til D.D.E. Etter kvart bytta han til gitar, og var som dei andre medlemmane med då After Dark vart til D.D.E. i 1992.
Viken har i tillegg lang erfaring frå drift av mellom anna musikkforretning, lydstudio og nærradio og som gitarlærar ved Namsos Kommunale Musikkskole. Sonen Daniel Viken er kjent som gitarist i Grannes og Nullskattesnylterne.
Diskografi
D.D.E.
Rollaug
Andre deltakingar
Kjelder