Friidrettslandskampen Noreg–Italia 1960

Friidrettslandskampen Noreg–Italia 1960 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo den 3. og 4. august. Landskampen enda med italiensk siger 112–99. Begge landa deltok med to utøvarar i kvar av enkeltøvingane.

Fyrste dag i landskampen forbetra Jan Gulbrandsen sin norske rekord i 400 meter hekk med to tidels sekund til 51,6 sekund, og vann løpet like framom den seinare europameisteren Salvatore Morale. Same kvelden flytta Stein Haugen noregsrekorden i diskoskasting til 54,68 meter, også han sigra framom ein europameister, den førverande meisteren Adolfo Consolini.

Onsdag 3. august

100 meter

Plass Utøvar Land Tid
1. Livio Berruti  Italia 10,3
2. Carl Fredrik Bunæs  Noreg 10,5


1500 m

Plass Utøvar Land Tid
1. Arne Hamarsland  Noreg 3.48,7
2. Alfredo Rizzo  Italia 3.50,4
3. Thor Helland  Noreg 3.52,3


5 000 m

Plass Utøvar Land Tid
1. Luigi Conti  Italia 14.14,4
2. Reidar Andreassen  Noreg 14.21,6


400 meter hekk

Plass Utøvar Land Tid
1. Jan Gulbrandsen  Noreg 51,6 NR
2. Salvatore Morale  Italia 51,7


3 000 m hinder

Plass Utøvar Land Tid
1. Ole Ellefsæter  Noreg 9.04,8
2. Enzo Volpi  Italia 9.11,4


Stavhopp

Plass Utøvar Land Høgde
1. Andreas Larsen-Nyhus  Noreg 4,30
2. Angelo Baronchelli  Italia 4,25
3. Kjell Hovik  Noreg 4,20


Lengdehopp

Plass Utøvar Land Lengde
1. Attilio Bravi  Italia 7,46
2. Luigi Ulivelli  Italia 7,32


Diskoskast

Plass Utøvar Land Lengde
1. Stein Haugen  Noreg 54,68 NR
2. Adolfo Consolini  Italia 54,07


Sleggjekast

Plass Utøvar Land Lengde
1. Sverre Strandli  Noreg 62,89
2. Oddvar Krogh  Noreg 58,94


4 × 100 meter stafett

Plass Land Utøvarar Tid
1.  Italia Sergio Ottolina
Armendo Sardi
De Murtas
Livio Berruti
40,6
2.  Noreg Ivar Saunes
Carl Fredrik Bunæs
Oddvar Løvås
Birger Marsteen
41,2


Torsdag 4. august

200 meter

Plass Utøvar Land Tid
1. Livio Berruti  Italia 20,9
2. Carl Fredrik Bunæs  Noreg 21,4


400 m

Plass Utøvar Land Tid
1. Bommarito  Italia 48,2
2. Dag Wold  Noreg 49,0


800 m

Plass Utøvar Land Tid
1. Arne Hamarsland  Noreg 1.52,9
2. Alfredo Rizzo  Italia 1.53,7
3. Jan Gulbrandsen  Noreg 1.53,9


10 000 m

Plass Utøvar Land Tid
1. Tor Torgersen  Noreg 30.12,2
2. Franco Antonelli  Italia 30.28,2


110 meter hekk

Plass Utøvar Land Tid
1. Nereo Svara  Italia 14,3
2. Franco Sar  Italia 14,5


Høgdehopp

Plass Utøvar Land Høgde
1. Gunnar Husby  Noreg 1,94
2. Bjørn Thorkildsen  Noreg 1,94


Tresteghopp

Plass Utøvar Land Lengde
1. Enzo Cavalli  Italia 15,30
2. Luigi Gatti  Italia 15,26
3. Odd Bergh  Noreg 14,89


Kulestøyt

Plass Utøvar Land Lengde
1. Silvano Meconi  Italia 17,25
2. Mario Monti  Italia 16,44
3. Bjørn Bang Andersen  Noreg 16,03


Spjutkast

Plass Utøvar Land Lengde
1. Carlo Lievore  Italia 81,78
2. Willy Rasmussen  Noreg 76,75
3. Terje Pedersen  Noreg 74,85


4 × 400 m stafett

Plass Land Utøvarar Tid
1.  Italia 3.10,8
2.  Noreg Stein Ingvaldsen
Torbjørn Briseid
Gjert Knutsen
Dag Wold
3.20,0


Kjelder