Johann Christian Friedrich Hölderlin (20. mars 1770–7. juni 1843) var ein framståande tysk lyrikar, fødd i Lauffen am Neckar i det dåverande hertugdømet Württemberg. Han vert rekna å tilhøyre den litterære og kulturelle rørsla romantikken, og var ein viktig tenkar og bidragsytar i utviklinga av den tyske idealismen. Særleg hadde han i sine unge år stor innverknad på medstudentane, filosofane Georg Wilhelm Friedrich Hegel og Friedrich Schelling.
Kjelder
Denne artikkelen er ei
spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
utvide han.