- Sjå òg forskingsdatabasen Frida.
Frid, Frida og Fride er kvinnenamn danna som kortformer av namn med desse endingane, og finst som namnedelar i ei rekkje namn, der Frid òg kan vera førsteledd. Frida har namnedag den 10. oktober i Noreg.
Ordsoge
Namna kan koma frå det norrøne fríðr, 'vakker' eller fröðr, 'fred'. Denne namnedelen finn ein som førsteledd, men særleg som sisteledd i kvinnenamn som Annfrid, Eldrid, Kjellfrid, Målfrid, Møyfrid, Solfrid og Snefrid, og i mannsnamn som Fridtjof og Fridgeir.
Frida eller Frieda kan òg vera danna av tyske namn som inneheld fried, 'fred'. Desse har òg gjeve kortnamnet Fred.
Namneberarar
- Frida Bolette Hansen (1855–1931), norsk biletvevar
- Frida Hoeck Rusti (1861-1963), tysk-norsk målar
- Frida Leider (1888-1975), tysk songar
- Frida Kahlo (1907-1954), meksikansk målar
- Frid Ingulstad (f. 1935), norsk forfattar
- Fríða Áslaug Sigurðardóttir (f. 1940), islandsk forfattar
- Frida Boccara (1940–1996), fransk songar og Eurovision-deltakar
- Anni-Frid «Frida» Lyngstad (f. 1945), svensk popartist og medlem av ABBA
- Frida Nokken (f. 1948), norsk offentleg tenestekvinne
- Fride Bergem (f. 1966), norsk forfattar
- Frida Nome (f. 1972), norsk religionshistorikar
- Frida Hyvönen (f. 1977), svensk songar
- Frida Östberg (f. 1977), svensk fotballspelar
- Frida Öhrn (f. 1979), svensk songar
Oppdikta personar
Kjelder