Flora er eit omgrep innan botanikken for plantar som veks i eit avgrensa område. Det blir også brukt som namn på oppslagsverk med oversyn over ein viss flora. Innan zoologi blir fauna nytta med ei liknande tyding for dyr i eit visst område.
Ordet flora kjem av latin for 'blomster' og var namnet på ei romersk blomstergudinne.