Flame Towers ('Flammetårna') er tre skyskraparar i Baku i Aserbajdsjan, bygd på ei høgd ovanom byen. Det høgaste tårnet har ei høgd på 190 meter. Bygningane er dei høgaste i Baku og heile Kaukasus. Bygningane er meint å etterlikne flammar, som er eit nasjonalsymbol i landet. Tårna har ein estimert kostnad på 350 millionar US-dollar. Bygginga av tårna starta i 2007 og var utvendig ferdig i 2012.[4]
I kulturen
Bygningen var dokumentert i ein episode av Extreme Engineering på Discovery Channel og Science Channel. Episoden vart kalla «Azerbaijan's Amazing Transformation».
Kjelder
Bakgrunnsstoff