Fjuken er ei norsk vekeavis som dekkjer kommunane Skjåk, Lom og Vågå.[1] Avisa har hovudkontor i Skjåk og vart grunnlagd i 1989.[1] Namnet på avisa er teke frå elva/bekken med same namn som ligg i Bismo.
Avisa fokuserer på næringsliv og politikk i Ottadalen og lokal kultur og idrett. Stoffet i avisa er redigert på nynorsk.[1]
Ansvarleg redaktør er Hans Erik Kjosbakken.
Opplag
Utvikling i nettoopplag.[2]
År
|
Nettoopplag
|
2004
|
3 914
|
2005
|
4 024
|
2006
|
4 109
|
2007
|
4 173
|
2009
|
4 001
|
2010
|
3 927
|
2014
|
3 676
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff