Mange turistar kjem til Fjærland i sommarhalvåret for naturopplevingar, blant dei i mange år Walter Mondale, som hadde eit spesielt tilhøve til staden sidan besteforeldra hans kom frå bygdesenteret Mundal. Det var han som opna Fjærlandstunnelen.
Mange cruisebåtar er innom Fjærland.
Ved folketeljinga i 2001 budde det 284 personar i Fjærland delområde.
Dei var fordeld på 145 i Indre Fjærland grunnkrins, 128 i Mundal grunnkrins og 11 i Ytre Fjærland grunnkrins.[1]
Kommunesoge
Ved skipinga av formannskapsdistrikta i 1838 høyrde Fjærland til Leikanger.
I 1850 vart Leikanger deld i to og Fjærland høyrde frå då til den nyoppretta Balestrand kommune.[2]
Slik var det i 150 år til år 2000 då området etter ei folkerøysting vart overført til Sogndal kommune.[3]