Finn Lie
|
|
Fødd |
12. november 1893
|
Død |
19. juli 1967 (73 år)
|
Yrke |
skribent
|
Finn Arnold Lie (12. november 1893–19. juli 1967) var ein norsk journalist og forfattar frå Risør.
Etter handelsskuleeksamen i 1911 var han journalist i avisa Fremskridt til han i 1912 fekk jobb som redaksjonssekretær i Gudbrandsølen på Lillehammer. Frå 1918 var han redaktør i avisa Hadeland som vart utgjeven i Brandbu. Han var elles sekretær i Brandbu Skogselskap frå 1939 og styremedlem 1947-52 i Hadelandsmuseet.
Lie skreiv bøkene Når krigsfaklen luer, Maihaugmysteriet, Sørlandet på kryss og tvers, Gran Sparebanks historie, Et nordisk grenseland, Hadeland kjøpmannsforenings historie og Hadelandsmuseet.
Kjelder