Finlandssvenskar eller austsvenskar er personar som talar svensk språk eller finlandssvensk i Finland. I Finland er delen svenskspråklege 5,58 prosent (2002) om Åland vert teke med. I 1809 ved avskiljinga frå Sverige var delen 33 %[treng kjelde] og i 1918 då Finland vart sjølstendig var delen svenskspråklege 18 %. Utvandring til det rikare Sverige og språkbyte til finsk har redusert delen svenskspråklege. Finland (utanom Åland) har to offisielle språk, finsk og svensk.