Kjærlighet
|
Regi | Dag Johan Haugerud |
---|
Manus | Dag Johan Haugerud |
---|
Klipp | Jens Christian Fodstad |
---|
Musikk | Peder Kjellsby |
---|
Sjeffotograf | Cecilie Semec |
---|
Utgjevingsdato | 2024 |
---|
Lengd | 119 minutt |
---|
Opphavsland | Noreg |
---|
Språk | norsk |
---|
Sjanger | dramafilm |
Kjærlighet er ein norsk spelefilm frå 2024, skriven og regissert av Dag Johan Haugerud. Filmen er den tredje i filmtrilogien hans Sex Drømmer Kjærlighet, som saman med dei to fyrste filmane, Sex og Drømmer, hadde kinopremiere i 2024.[1]. Andrea Bræin Hovig og Tayo Citadella Jacobsen spelar hovudrollene i filmen.[2]
Kjærlighet hadde verdspremiere under Filmfestivalen i Venezia i september 2024.[3] Filmen hadde norsk kinopremiere 25. desember 2024.
Handling
Kjærlighet presenterer legen Marianne og sjukepleiaren Tor. På ferjeturen heim frå ein date møter Marianne Tor, som avslørar at han brukar nettene på ferja for å finne tilfeldige mannlege sexpartnarar. Ifølgje Tor kan det oppstå nære samtalar i samband med slik cruising, og Marianne byrjar å vurdere om dette også kan vere aktuelt for ho.[3]
Skodespelarar
- Andrea Bræin Hovig
- Tayo Citadella Jacobsen
- Marte Engebrigtsen
- Thomas Gullestad
- Lars Jacob Holm
- Morten Svartveit
Prisar og nominasjonar
Pris |
Kategori |
Nominert/vinnar |
Resultat
|
Bisato d'Oro[4] |
|
N/A |
Vann
|
Gulløven[3] |
|
N/A |
Nominert
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff