Drømmer
|
Regi | Dag Johan Haugerud |
---|
Utgjevingsdato | 4. oktober 2024 |
---|
Opphavsland | Noreg |
---|
Språk | norsk |
---|
Sjanger | dramafilm |
Drømmer er ein norsk spelefilm frå 2024, skriven og regissert av Dag Johan Haugerud. Filmen er den andre i filmtrilogien hans Sex Drømmer Kjærlighet, som saman med dei to andre filmane, Sex og Kjærlighet, hadde kinopremiere i 2024.[1] Drømmer hadde kinopremiere 4. oktober 2024.[2] Filmen reintroduserer Ella Øverbye frå filmen Barn frå 2019, som saman med Selome Emnetu spelar hovudrollene i Drømmer. På lista er også kjende skodespelarar som Anne Marit Jacobsen og Ane Dahl Torp.[3]
Handling
Skuleeleven Johanne blir veldig forelska i fransklæraren sin, spelt av Salome Emnetu. Ho sit med mange gode kjensler, og vel å skrive ned opplevingane sine. Fyrst blir mor og bestemor sjokkerte over detaljar frå skildringane i dagboka til Johanne, men så blir dei fanga av dei litterære kvalitetane. Så kjem vurderingane om dette er eigna for å gje ut som bok, eller om det er for personleg.[2]
Rollelista
- Ella Øverbye – Johanne
- Selome Emnetu – Johanna, fransklæraren til Johanne
- Anne Marit Jacobsen – Karin, bestemora til Johanne
- Ane Dahl Torp – Kristin, mora til Johanne
Kjelder
Bakgrunnsstoff