Festninga Louisbourg (franskForteresse de Louisbourg, engelskFortress of Louisbourg) er ein nasjonalhistorisk stad i Canada og ei delvis rekonstruert fransk festning ved Louisbourg på Nova Scotia frå 1700-talet.
Den franske busetnaden på Île Royale (i dag Cape Breton Island) kan sporast tilbake til tidleg på 1600-talet. Franskmennene oppretta ein marinebase her, heilt søraust på øya, tidleg på 1700-talet. Dette var ein av dei få stadane på øya som var isfrie om vinteren. I 1719 starta Frankrike å byggje ein festningsby ved denne hamna, og festninga stod ferdig i 1745, akkurat i tide for den første britiske omleiringa. Britane klarte å ta festninga 16. juni 1745, og ein stor fransk styrke leia av Jean-Batiste De Roye de la Rochefoucauld Duc d'Enville vart send året etter for å ta ho tilbake, men vart øydelagd av stormar, sjukdom og åtak frå den britiske marinen før dei i det heile teke kom fram.
Under sjuårskrigen, i 1758, vart det franske fortet igjen angripe av britane og 26. juli 1758 måtte franskmennene igjen gje frå seg festninga. Britiske ingeniørar øydela festninga i 1760 for å hindre at franskmennene tok ho i bruk ved seinare høve, og staden vart forlaten etter sjuårskrigen var over.
I dag er festninga ein nasjonalhistorisk stad i Canada.
The Taking of Louisburg 1745 av Samuel Adams Drake, Lee og Shepard Publishers Boston Mass. USA 1891 (trykt om at av Kessinger Publishing ISBN 978-0-548-62234-6)