Fasade (frå fransk façade, «andlet utover», framside) har fleire tydingar.[1] Ordet er av same latinske rot som franske og engelskeface og blir brukt om «andlet utover», særleg i arkitekturen.
Fasaden er anten den sida av ein bygning som vender mot gata (inne i eit kvartal) eller sida der hovudinngangen er. Det blir nesten alltid lagt mest arbeid i fasadeutforminga som blir laga slik at det er klart både kva som er fasade, og i arkitektonisk formspråk kva bygningen er og kva tyding han har.