Farriselva er den einaste elva som renn ut frå Farris. Elva har ei lengd på om lag 900 meter før ho renn ut i havet i Larvik. Elva har med fossefallet sitt vore ei viktig kraftkjelde for Larvik sin industri sidan 1500-talet. Dei siste åra har elva hatt særs lita vassføring sidan drikkevassuttaket er så stort.
Farris er òg namnet på det eldste kommersielt produserte mineralvatnet i Noreg, også dette frå Larvik. Mineralvatnet vert tappa frå ei grunnvasskjelde nedanfor Bøkeskogen, og har opphavet sitt i regnvatn som vert filtrert gjennom morenemateriale. Under filtreringsprosessen får vatnet tilført ulike salt og mineral.
Ei vanleg mistyding er at mineralvatnet vert tappa direkte frå innsjøen Farris, men dette er altså ikkje korrekt.