Faro Annie er det sjette soloalbumet til den britiske visesongaren John Renbourn, gjeve ut i 1971. Renbourn spelar her både blues og folkrock og nyttar mykje sitar. Han har med seg bandkollegaene frå Pentangle, Danny Thompson på kontrabass og Terry Cox på trommer.