Fantasy er det femte studioalbumet til den amerikanske musikaren Carole King, gjeve ut i 1973. Då det kom ut nådde det sjetteplassen på den amerikanske Billboard 200-lista, som var lågare enn dei tidlegare albuma hennar, men har vore høgt akta av fansen hennar i dei siste tiåra. Albumet er presentert som ein songsyklus og opnar og avsluttar med to versjonar av tittelsporet og songane på kvar side av plata glir over i kvarandre.
Den spanskspråklege songen «Corazón» (det spanske ordet for «hjarte», òg brukt som eit omgrep for kjærleik, som i teksten til denne songen) var ein moderat hitsingel frå albumet, det same var «Believe in Humanity». Baksiden av sistnemnde singel, «You Light Up My Life» (ikkje Debby Boone-hitten), gjekk inn på singellista separat frå A-sida.
I motsetnad til dei tidlegare albuma hennar, har dette albumet ein polert, soul-aktig produksjon.
Allmusic skreiv om albumet: «Dei som leitar etter Tapestry, part 2 eller 3 ville bli skuffa, men kjernen i Fantasy innfrir det idiosynkratiske løftet.»[2]