Fankunst (engelsk fan art) er biletkunst og liknande som byggjer på ein soger, personar eller spel som opphavleg er laga av nokon andre enn kunstnaren sjølv. Denne kunstnaren er gjerne ein fan som ønskjer å avbilda noko han eller ho set stor pris på. Ein kan laga fankunst knytt til musikkartistar,[1] dataspel,[2][3] tv-seriar,[4][5] bøker og filmar.
Vanlegvis viser uttrykket til kunstverk laga av amatørkunstnarar eller kunstnarar som ikkje blir betalt for å lage bileta.