Fallosstein (av greskphallos, erigert penis), betre kjend som heilag kvit stein, er den arkeologiske nemninga for ein særeigen type steinmonument frå jarnalderen i Noreg. Fallossteinane har form som den mannlege kjønnslemen i paringsstilling, og er hogd til i eitt stykkje av kvite eller ljose steinsortar. Ettersom dei er funne i graver, eller i samband med gravhaugar, har dei truleg vore nytta som kultgjenstandar i ymse slags forfedrekult som fremja avlekraft og grøderikdom i ættene.
I Noreg er det funne eller registrert om lag nitti slike heilage kvite steinar, for det meste i kystområda frå Troms til Vest-Agder, og dei vert tidfesta til perioden 200 til 600 e.Kr. Høgda på steinane ligg mellom 20 og 100 cm, tverrmålet er frå 10 til 50 cm. Somme av dei har ornament kring sokkelen, og mange har ei line eller ei smal, grunn kløft tvers over den kuppelforma toppen.
Svenske gravkuler av stein
Det har vore diskutert om det er ein samanheng i meiningsinnhald mellom dei norske fallossteinane og såkalla gravkuler eller gravklot av stein frå svenske graver og gravhaugar frå same tidsperioden, utan at det er drege konklusjonar alle er samde om.
Døme på fallosfigurar nytta i kult kring i verda til ulike tider
Lingam i ein heilagdom i Varanasi i India. Kvar av dei sylidriske oppreiste steinfigurane, lingam, symboliserer guden Sjiva, og er her kombinert med yoni («stad» i meininga ein stad), som er dei liggjande figurane som kvar lingam står i. Yoni symboliserer gudinna Sjakti og den kvinnelege krafta.
Sjiva representert ved ein fallosfigur, lingam, i eit landsbytempel aust i Bengal.
Helleristingar på Aspberget i Tanum, Bohuslän i Sverige, tidfesta til bronsealderen, syner mellom anna ein flokk oksar og ein mann med erigert penis som pløyer jorda med ein ard i eit ritual som skal fremje avlekrafta og grøderikdomen.