Félix Savart (30. juni 1791–16. mars 1841) var ein fransk fysikar.
Han etterfølgde i 1836 André-Marie Ampère som professor ved Collège de France. Han er mest kjend for oppdaginga av Biot-Savart-lova i elektrisitetslæra og for undersøkingar av polarisasjonen til lyset. Han var òg den første som gjorde fysiske undersøkingar av fiolinen, mellom anna av svingingane i lok og botn ved hjelp av klangfigurar.
Kjelder
- Félix Savart. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 9. november 2013.