Europameisterskapen på skeiser 1968
Europameisterskapen på skeiser 1968 fann stad på Bislett stadion i Oslo helga 27. og 28. januar 1968. 28 utøvarar frå 10 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå arrangørlandet Noreg. Dei norske utøvarane var Per Willy Guttormsen , Fred Anton Maier , Sten Stensen , Svein Erik Stiansen og Magne Thomassen . Deltakarane elles kom frå Finland , Frankrike , Nederland , Polen , Sovjetunionen , Storbritannia , Sverige , Ungarn , Vest-Tyskland .
Norske Fred Anton Maier vart europameister, landsmannen Magne Thomassen kom på tredjeplassen. Vesttyske Gerhard Zimmermann vann 500 meter, medan sovjetiske Eduard Matusevitsj sigra på 1500 meter. Fred Anton Maier vart bestemann på 5 000 m og sette verdsrekord på 10 000 meter med tida 15.20,3.
Fred Anton Maier med laurbærkransen
Skeise-EM 1968
Plass
Utøvar
Land
Poeng
Fred Anton Maier
Noreg
177,318
Eduard Matusevitsj
Sovjetunionen
177,780
Magne Thomassen
Noreg
177,968
4
Gerhard Zimmermann
Vest-Tyskland
179,288
5
Jan Bols
Nederland
179,460
6
Ard Schenk
Nederland
180,038
7
Per Willy Guttormsen
Noreg
180,728
8
Kees Verkerk
Nederland
180,898
9
Svein Erik Stiansen
Noreg
181,127
10
Valerij Lavrusjkin
Sovjetunionen
181,263
Dato: 27./28. januar 1968
500 meter
5000 meter
1500 meter
10000 meter
Ymse
Ingen Skeise-EM for kvinner før 1970
Kjelder