Europa Clipper er ein NASA-romsonde på veg til jupitermånen Europa. Romsonden vil gjera fleire passeringar av Europa i staden for å gå i bane kring månen. På denne måten vil romsonden vera minst mogeleg inne i strålebelta kring Jupiter og soleis kunna vara lenger.[1] Europa Clipper vart skoten opp 14. oktober 2024 med ein SpaceXFalcon Heavy-bererakett og er venta å gå inn i bane kring Jupiter i april 2030.[2]
Romsonden har ni instrument og får straumen sin frå solsellepanel. Med solsellepanela og radarantennene er Europa Clipper ved oppskytingstidspunktet den største interplanetariske romsonden utvikla av NASA nokosinne.[1]