Etter Rubicon
|
Regi | Leidulv Risan |
---|
Produsent(ar) | Dag Alveberg |
---|
Manus | Arthur Johansen |
---|
Medverkande | Sverre Anker Ousdal, Toralv Maurstad |
---|
Musikk | Geir Bøhren |
---|
Sjeffotograf | Harald Paalgard |
---|
Utgjevingsdato | 1987 |
---|
Lengd | 93 minutt |
---|
Opphavsland | Noreg |
---|
Språk | norsk |
---|
Sjanger | dramafilm |
Etter Rubicon er ein norsk spelefilm frå 1987. Filmen hadde premiere på norsk kino 10. september 1987. Han er klassifisert som thriller/drama, har ei speletid på 93 minutt, og tilrådd aldersgrense 15 år.
Handling
Under ei militærøving utanfor kysten av Nordland og Troms blir to gutar på fisketur funne sjuke og med uforklarlege symptom. Kort tid etter innlegging på sjukehus døyr dei. Doktor Hoff (Sverre Anker Ousdal) og lensmann Berntsen (Toralv Maurstad) blir på same tid sende ut til tankbåten Rubicon som har meldt om ein eller annan naudsituasjon, men dei finn skipet tomt for folk. Politiet konfiskerar lika til dei to gutane og heile saka er omgitt med hemmeleghald, noko som får doktor Hoff til å starte undersøkingar på eiga hand. Med dette blir han dregen inn i eit politisk spel som syner seg å vera livsfarleg.
Produksjon
Filmen blei spela inn i Lofoten og Vesterålen og ved Norsk film AS sine studio på Jar. Arthur Johansen og Leidulv Risan skreiv manus medan Leidulv Risan regisserte. Geir Bøhren og Bent Åserud stod for musikken.
Medverkande skodespelarar
Kjelder
Bakgrunnsstoff