Eskimotåka eller Klovneandlettåka (katalogisert NGC 2392) er ei planetarisk tåke som ligg rundt 3000 lysår unna i stjernebiletettvillingane. Tåka viser strukturar so komplekse at dei ikkje er heilt forståtte.[1]
Namnet på taka kjem av at ho i kraftige teleskop kan sjå ut som eit andlet i ei pelshette.[1][2] Ho blei oppdaga i 1787 av den engelske astronomen William Herschel.[1][2] Det som i dag er synleg som Eskimotåka utgjorde for rundt 10 000 år sidan dei ytre laga til ei sollik stjerne.[1]