Errigal (irsk An Earagail/tEargail) er eit fjell i Gweedore i County Donegal i Republikken Irland. Det er det høgaste fjellet i Derryveaghfjella nordvest på Irland med ei høgd på 749 moh.[1] Errigal er òg det sørlegaste, brattaste og høgaste fjellet i fjellkjeda kalla Seven Sisters av lokale innbyggjarar (Muckish, Crocknalaragagh, Aghla Beg, Ardloughnabrackbaddy, Aghla More, Mackoght (òg kalla 'Litle Errigal') og Errigal.
Kjelder