Erling Aas-Eng (fødd 9. januar 1965) er ein norsk lokalpolitikar som representerer Senterpartiet. Han var ordførar i Tolga kommune i Hedmark fylke frå 2007 til 2011.
Aas-Eng har vore med i kommunestyret for Senterpartiet sidan 1995.[1] Han har også vore i sentralstyret i Senterungdommen, vore nestleiar i Hedmark Nei til EU og vore vararepresentant til fylkestinget.[1] I 2015 blei han vald til leiar i Hedmark Bondelag.[2] Han er også tillitsvald i Bondelaget.
Aas-Eng er sivilagronom frå Noregs landbrukshøgskule på Ås og driv mjølkeproduksjon på Telneset. Han er seniorrådgjevar i Rådhuset Vingelen.
Kjelder